Leserinnlegg: Stem på parti som støttar språkleg mangfald i Vestfold og Telemark

NOREGS MÅLLAG: – Det er gledeleg at fleire av partia i Vestfold og Telemark har tydelege programpunkt som tar omsyn til både nynorsk og bokmål, meiner leiar i Noregs mållag, Magne Aasbrenn. Foto: Kjartan Helleve.

Om få veker er det val til det nye fylkestinget i Vestfold og Telemark, og da vil eg oppmode veljarane til å legge vekt på språkpolitikken til partia når dei legg setelen i urna.

Frå 2020 får storfylket eit ansvar for å ta vare på nynorsktradisjonen som finst i kommunane i Telemark, men også for å legge til rette slik at det blir lett å vere nynorskbrukar alle stader i fylket.

Gledeleg nok er det fleire av partia som har tydelege programpunkt der dei tar omsyn til at både nynorsk og bokmål er i bruk i det nye storfylket og at det må leggast til rette for bruk av begge skriftspråka i regionen.

Det er også kjekt å sjå at Raudt har delar av programmet på nynorsk.

Eg oppmodar språkinteresserte til å gå gjennom partiprogram og kontakte politikarar.

Så bør dei røyste på parti og representantar som går inn for bruk av både nynorsk og bokmål administrativt og på nettsidene til Vestfold og Telemark, og for at det skal lagast ein språkbruksplan som tar vare på rettane til nynorskbrukarane.

Det skal ikkje vere vanskelegare å vere nynorskbrukar enn bokmålsbrukar i Vestfold og Telemark fylke, verken som brukar av tenester, som tilsett eller som elev i vidaregåande skule.

Det er opp til veljarane å stemme fram folkevalde som vil at det skal bli slik.

I Vestfold og Telemark der både bokmål og nynorsk er i bruk, er det ekstra viktig at sidemålsordninga blir halden oppe, slik at skuleelevar held fram med å lære å skrive begge dei norske skriftspråka.

Derfor bør veljarane sjå med skepsis på parti som går inn for å svekke nynorskkunnskapane hos bokmålselevar ved å innføre «prøveordningar» med fritak for sidemål.

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs mållag.

Les flere leserinnlegg i ReAvisa-arkivet.